Dovremodellen

Dovre kommune har i ei årrekkje vore kjent for Dovremodellen.

Kort fortalt betyr Dovremodellen at det ved eit elevtal over tolv vil vere to pedagoger i klasserommet. Dette gjeld primært for basisfag (matematikk, norsk og engelsk). For 1. og 2. trinn vil det vera to pedagogar i alle fag.

Målet med Dovremodellen er at alle elevane skal få oppfølging i klasserommet, oppleve inkludering og unngå stigmatisering. Dette er essensielt med tanke på både sosial og fagleg læring.

Dovremodellen blir praktisert både på barneskolen og ungdomsskolen. Planen er å utvide Dovremodellen til barnehagen, og utvikle ein modell som sikrar reell tidleg innsats.