Elevane har møteplikt til alle timar på alle årstrinn. Difor må foreldra søkje permisjon dersom barnet skal vera borte av andre grunnar enn sjukdom.
Søknadsrutine for permisjonssøknader:
-fråvær grunna sjukdom meldast på appen min skole føresett.
-anna kortvarig fråvær skal meldast på appen. Dette gjeld for eksempel tannlege, kjeveortoped, gravferd o.l.
-søknad om andre permisjonar: https://foresatt.visma.no/dovre
§ 2-11.Permisjon frå den pliktige opplæringa
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.
Ved behandling av søknaden skal desse momenta leggjast til grunn for å vurdere om søknaden er forsvarleg:
- Barnets beste
Barnets beste skal ligge til grunn for behandlinga av permisjonssøknaden, og elevens synspunkt vil vera eit av momenta i saka. Det å ivareta barnets rett og plikt til opplæring er eit grunnleggjande utgangspunkt for barnets beste etter barnekonvensjonens artikkel 3, dersom det ikkje er andre særleg vektige grunnar.
- Tidsrom for permisjonen
Ein kan maksimalt innvilge permisjon i inntil to veker, jf. opplæringslova § 2-11. Skolen kan kreve at nødvendig dokumentasjon blir lagt fram på søknadstidspunktet.
- Tidsrom det ikkje skal innvilgast permisjon
Ein skal ikkje innvilge permisjon i perioder med førebuing til og gjennomføring av:
- Statlege kartleggingsprøver
- Nasjonale prøver
- Tentamener og fagdagar, munnleg og skriftleg
- Eksamen, munnleg og skriftleg
Det skal heller ikkje innvilgas permisjon første skoleveke i samband med skolestart. Dette gjeld på alle klassetrinn.
4. Individuell vurdering av om det er forsvarleg å innvilge permisjon
Dersom det er aktuelt å innvilge søknaden etter reglane over, må skolen ta stilling til om det er forsvarleg at den aktuelle eleven får permisjon, jf. opplæringsloven § 2-11. Det som er forsvarlig for ein elev, kan vera uforsvarlig for ein annen. Relevante moment er:
- Eleven si faglege utvikling
- Skolens undervisningsopplegg i permisjonstida
- Elevens sitt fråvær
Eleven har ikkje rett på permisjon. Den som behandlar søknaden bestemmer om det er forsvarleg for eleven å vera borte, ut frå opplæringa eleven totalt sett får. Dersom skolen kjem til at det ikkje er forsvarleg å innvilge permisjon for den aktuelle eleven, skal søknaden ikkje innvilgast. Eleven har ikkje rett til å få erstatta tapt opplæring.
Føresette plikter å søke permisjon i god tid slik at det er mogleg for kontaktlærar/rektor å behandle søknaden.
Permisjonssøknaden behandlast av kontaktlærar dersom permisjonen er inntil 1 dag. Søknad om permisjon som overstig 1 dag skal behandlast av rektor. Det må då fattast eit enkeltvedtak, og reglar for enkeltvedtak må følgjast. Statsforvaltaren er klageinstans.