Søk redusert betaling

Du søker om redusert betaling i SFO via Visma foresattportal.

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1.-4. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene i hushaldet, dersom:

a. foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b. det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

 

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret. 

 

Paragraf 1B-2 første ledd i forskrift til opplæringslova gir kommunen hjemmel til å innhente grunnlaget for siste fastsetting av formues- og inntektsskatt for husholdningen fra skattemyndighetene, for å dokumentere husholdningens person- og kapitalinntekt for det siste året. Det betyr altså at kommunen kan innhente denne informasjonen, i stedet for at foreldrene må levere dette selv.