Skolen
Dovre barneskole ligg på Dombås, vest for rundkøyringa i Dombås sentrum. Skolen er fint plassert med nær tilgang til natur og idrettsplass. Skolebygget er bygd i 1984, og husa tidlegare Dombås skole. Etter nedlegginga av Dovre skule (vi arbeider med ein eigen link til historie om Dovre skule og Dombås skole) er det den einaste barneskolen i kommunen, og skolen har no barn frå Dovreskogen i sør til Hjerkinn i nord.
Bygget har no biblioteket som midtpunkt, det ser vi på som kunnskapsnavet i skolen vår. Skolen er og samanbygd med Moskushallen, som er ein volleyballhall som ein og kan leige til trening og andre arrangement.
En del av biblioteket på Dovre barneskole
Satsingsområde
På Dovre barneskole har vi Dovremodellen. Dette betyr i praksis større lærartettleik, og eit stort fokus på at alle elevane skal følgjast opp både sosialt og fagleg i klasserommet. Det er viktig for oss at elevane kjenner på inkludering og tilhøyrigheit til skolen og klassa si, og at dei kan få tilpassa undervisning i klasserommet eller små grupper uavhengig av sitt faglege nivå.
Vi har eit godt samarbeid med skolehelsetjenesten, sjå meir informasjon og kontaktinfo her.
Skolen arbeider med å ha eit balansert forhold mellom å vera digital og analog. Skoleåret 2024/2025 har vi ei auka satsing på aktiv læring, godt læringsinnhald og leseløft. Når det kjem til digital kompetanse, nyttar vi Showbie på småtrinnet og Teams på mellomtrinnet. Vi nyttar og andre applikasjonar i Microsoft sin portefølgje i det daglege læringsarbeidet. I basisfag har vi framleis bøker, men vi har og digitale læreverk. Småskolen nyttar aUnivers, medan mellomtrinnet nyttar Skolestudio.
Vi ynskjer fortsatt å ha fokus på å vidareutvikle oss i å koble pedagogikk og læring med friluftsliv, uteundervisning og god bruk av fjellet som ligg rundt oss på alle kantar. Dovre har både Dovrefjell og Rondane innanfor kommunegrensa, så det er naturleg for oss å bruke dette i undervisninga.
Vår visjon for elevane
Dovre barneskole har som mål å gi best mogleg tilpassa opplæring for kvar enkelt elev i fellesskap med andre. Ein vil leggje vekt på fagleg, sosial og personleg utvikling - der alle kan nå sine mål. På skolen vår ynskjer vi at elevane skal føle nærheit til lærarane sine og dei tilsette legg vekt på at alle elevar skal kjenne seg heime og vere trygge.
Våre hovudverdiar er fellesskap, tryggleik, meistring og trivsel.