Om valfag
Alle elevar skal velja eit valfag kvart år på ungdomsskolen. Dersom det er plass kan du ha det same valfaget kvart år, eller velje eit nytt for kvart år. Valfag skal bidra til auka motivasjon og læring. Det er eit av fleire tiltak for å gjera opplæringa på ungdomstrinnet praktisk, variert og relevant. Frist: 15. mai.
For elevar med same valfag over fleire år, er det standpunktkarakteren på det høgaste årstrinnet som kjem på vitnemålet. Dersom ein elev har hatt fleire ulike valfag blir det berekna ein gjennomsnittskarakter ved inntak til vidaregåande opplæring.
Dersom det blir få elevar som vel eit fag er det ikkje sikkert faget blir igangsett.
Lenke til valskjema finn du her: https://forms.office.com/e/4ajvfL3auU
Du kan lese meir om dei ulike valfaga her:
Valfag skoleåret 23/24
Innsats for andre
Innsats for andre skal gje elevane moglegheit til å gjera noko for andre og bidra til fellesskapet. Gjennom opplæringa kan elevane bygge nettverk, utvikle ansvarskjensle og få relevant erfaring for eit framtidig arbeidsliv. Elevane skal gjennomføre sosiale tiltak i samarbeid med andre og bidra til inkludering. Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/ifa01-02
Kulturarv:
Kulturarv handlar om å få erfaring med og innsikt i ulike tradisjonar og handverk. Valfaget kulturarv skal bidra til at elevane får utfalde skaparglede, utforskartrong og engasjement ved at dei får utøve ulike handverk og tradisjonar. Dette skoleåret kjem faget til å ha mest fokus på tradisjonar knytt til matlaging. Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/lka01-02
Medier og kommunikasjon:
Medier og kommunikasjon handler om å utvikle bevissthet om hvordan påvirkning skjer gjennom informasjon og kommunikasjon. Faget skal gi elevene verktøy og metoder for å navigere i mediesamfunnet. Medier og kommunikasjon skal også gi elevene erfaring med å gjøre bevisste valg når de kommuniserer og når de produserer og konsumerer informasjon både i privatlivet og i arbeidslivet. Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/moi01-02?lang=nob
Fysisk aktivitet og helse
Dette valfaget handlar om at eleven skal bli kjent med ulike fysiske aktivitetar som kan motivere til ein fysisk aktiv livsstil. Eleven skal og bli bevisst at ein helsefremmande livsstil heng saman med både fysisk aktivitet og kosthold. Gjennom praktisk matlaging der du planlegg og lagar enkle og ernæringsmessige gode måltid, lærer du korleis du kan legge opp ditt eget aktivitets- og kostholdsopplegg. Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/fah01-02
Design og redesign
Design og redesign handlar om at elevane skal få erfaringer med ulike design- og håndverksteknikker og materialer. Gjennom idéutvikling og praktisk arbeid utvikler eleven skaparglede, utholdenheit, sjølvinnsikt og kritisk tenking. Ved å utforske korleis produkt blir til, vil eleven betre kunne forstå kva for miljøutfordringar verda står ovanfor ved dagens overforbruk. I valfaget design og redesign skal vi jobbe med å designe og redesigne brukte produkter slik at ein ser nytta av gjenbruk.
Læreplan finn du her: https://www.udir.no/lk20/dor01-02