SPOR - Lokalhistorisk vandreløypeFølg løypa vår over Dombåshaugen, gjennom skog og over bekk, og vidare ned til elva. På vegen vil du finne ti stolpar med qr-koder. Kodane tek deg med til spennande historier og møte med menneske som har trakka opp stigar før oss. Du treff på hulder og tjuvar, drapsmenn og astronomar, språkgeni og gamle samfunnssystem. Du kan gå deler av løypa, eller heile, og det er mogleg å velge ulike ruter til eller frå, slik at du kan få ei fin runde. Det kan vere lurt å ha med seg hovudtelefonar på turen. Vi vonar de får ein fin tur og mange fine opplevingar. Gå i spora til dei som var før oss, og sank historier med biblioteket.Stolpane er designa av elevar ved Hjerleid handverskole, og har tematisk utforming. SPOR Publisert av Signe Thoresen Rolstad Sist endret 12.05.2026 14.10