Fantasifulle «retro»- syklar

Fantasifulle "Retro"-syklerDet er ikkje akkurat vanleg at kommunen står bak såpass uhøgtidlege innslag i bybildet som syklane som nå er utplassert rundt på Dombås og over Dovrefjell.

Berit Fiksdahl: Prosjektet starta som ein litt vill idé der det var med folk både frå reiselivet på Dovrefjell og kommunen med både kulturkonsulent, kulturskolen og miljøkonsulent. Vi ønska eit blikkfang  for å fortelje om og få merksemd  rundt tur- og sykkelvegen over Dovrefjell og opninga av den.

 

Inger Synnøve Killi utvikla ideen vidare. Miljøstasjonen skaffa syklane, og ei gruppe i kulturskolen hadde eit helgeprosjekt og dekorerte syklane – totalt 8 syklar med stativ. Elles har vi fått god hjelp frå bedrifter på Dombås til grunning/lakkering av syklane og skjering av kryssfinerplater til stativa. Lærlingar ved Hjerleid har laga og sett saman stativa med oppheng av syklar. Så - Her har mange vore inne i bildet!!!

 

Formålet med prosjektet med «styla» syklar og «stuntet» med å dekorere utbrukte syklar i gilde fargar og mønster har vore  å skape blæst om «Nasjonalparkvegen»/Tur- og sykkelvegen over Dovrefjell og opninga av vegen 2. september.  Vi håpar at syklane vart lagt merke til i samband med NRK Sommertoget. Fram til opninga 2. september blir syklane utplassert slik at dei blir synlege frå E6, turistbedriftene over Dovrefjell og der folk ferdast på Dombås. Kommunen ønskjer at tur- og sykkelvegen skal bli eit viktig tiltak i reiselivet og for lokalbefolkninga, og at Dovrefjell blir ein god stad å vere og ferdast. Marknadsføring er viktig for alle slike tiltak.

Les meir om Nasjonalparkvegen over Dovrefjell.