Har du synspunkt på konsesjonssøknad til Norsk Luftambulanse Teknologi AS på Dombås?

Norsk Luftambulanse Teknologi AS søker om fornying av konsesjon for å drive og inneha Dombås helikopterplass og Luftfartstilsynet gjennomfører offentleg høyring av søknaden. Høyringa er open for alle og Dovre kommune oppfordrar innbyggarane til å kome med innspel. Frist for høyringsinnspel er forlenga til 24. oktober 2024. 

Norsk Luftambulanse Teknologi AS (her forkorta som NLAT) har i brev datert 13.02.2024 søkt om fornying av konsesjon gjeve i 2014 for å drive og inneha Dombås helikopterplass, Brunshagen. NLAT søker om konsesjon på eit trafikkomfang på 1600 flygingar i året, tilsvarande omfang i gjeldande konsesjon. Ei flyging er rekna som anten avgang eller landing. NLAT opplyser at talet på flygingar til og frå basen på Dombås er stabil og at det er ingen planlagde aktivitetar som vil kunne gje auke i dette talet.

Ifølge luftfartslova kan konsesjon berre bli gjeve når det er foreinleg med omsyn til allmennheita. Dette vilkåret er presisert i forskrift om konsesjon for landingsplassar av 11.01.2007 nr. 40 (konsesjonsforskrifta). Luftfartstilsynet ber om å få ei brei vurdering av drift av landingsplassen på Dombås opp mot allmenne omsyn, med særleg vekt på dei omsyna som er teke inn i konsesjonsforskrifta § 1b:

«Formålet med forskriften er:

(…)

b). Å sikre en samfunnstjenlig luftfart og en hensiktsmessig disponering av arealer, og at vurderingen av konsesjonssøknader skjer ut fra hensynet til miljø, helse, flysikkerhet, næringsinteresser, reguleringsplan, kulturlandskap, samt hensynet til regional utvikling og bosetting.»

Dovre kommune ber innbyggarane spesielt om å gje innspel knytt til støy, miljø, helse, samfunnsutvikling og busetting.

Høyringsinnspel blir sendt direkte til Luftfartstilsynet sin e-post postmottak@caa.no og markast med saksnummer 23/21559. Frist for høyringsinnspel er forlenga til 24. oktober 2024. 

Vedlagt er sakspapir, med utfyllande informasjon om søknaden, utkast til konsesjonsvilkår, oversikt over tal på flygingar, samt støykartlegging.

01 Høring - søknad om fornyelse av konsesjon for å drive og inneha Dombås helikopterplass, Brunshagen.pdf (PDF, 256 kB)

02 Utkast til konsesjonsvilkår - Dombås helikopterplass, Brunshagen.pdf (PDF, 130 kB)

03 Oversikt over antall flybevegelser- Dombås.pdf (PDF, 50 kB)

04 Støykartlegging Dombås helikopterlandingsplass.pdf (PDF, 791 kB)