Her er vinnarane av årets kulturprisar og stipend i Dovre!

Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet deler ut tre prisar og stipend innan kultur og idrett for 2024. Mottakarane er Lesja-Dovre Danseteam, Martin Mølmen Bentdal og Anne Guri Hoelsbrekken.

Kulturprisen i Dovre 2024 går til Lesja-Dovre Danseteam

Kulturprisen i Dovre blir gjeve til ein person, ei verksemd eller ein organisasjon som har vore med på å fremje kulturlivet i Dovre og elles gjort seg fortent til prisen gjennom sin kulturelle innsats for bygda. Lesja-Dovre Danseteam, med Marie Olsen-Bye, Silje Olava Bakken og Inga Selsjord i spissen, får prisen for sitt arbeid for å gje barn og unge langt utover Dovre sine kommunegrenser eit inkluderande og positivt tilbod innan dans. Mellom anna har danseteamet over fleire år organisert ei vekes sommarleir med både hiphop, moderne, jazz og break dance, i tillegg til sosiale aktivitetar. I år sette dei ny rekord, med rundt 90 deltakarar frå både Gudbrandsdalen og andre stader i landet. Oppvekst-, kultur- og omsorgsstyret ynskjer med denne prisen å takke Lesja-Dovre Danseteam for innsatsen dei legg ned for dei unge både i og utanfor bygda. Les om statuttane for prisen her. 

Martin Mølmen Bentdal får Dovre kommunes idretts- og kulturstipend 2024

Dovre kommunes idretts- og kulturstipend skal gje utøvaren moglegheiter for vidareutvikling i sin profesjon. Innan idrett kan stipendet gå til ein lovande utøvar som er etablert på nasjonalt nivå, og som er i ferd med å etablere seg på internasjonalt nivå. Som ein av Dovre sine nye, lovande skikøyrarar har Martin Mølmen Bentdal i år markert seg nasjonalt med andreplass i junior-NM i friski. Han tok òg steget ut i internasjonale konkurransar da han deltok i junior-VM i Italia. Les om statuttane for stipendet her. 

Ungdommens idretts- og kulturpris 2024 til Anne Guri Hoelsbrekken

Ungdommens idretts- og kulturpris skal gje motivasjon og vera ei påskjønning for ungdom under 20 år i Dovre. Oppvekst-, kultur- og omsorgsstyret deler i 2024 ut prisen til Anne Guri Hoelsbrekken. Ho har utvikla seg til ein svært god pianist gjennom kulturskolen i Lesja og Dovre, og har bidratt til ei rekke lokale arrangement. Les om statuttane for prisen her.