Kandidatar til kulturprisar og -stipend i Dovre 2024

Kjenner du ein aktør innan kultur og idrett i Dovre som fortener heider og ære? Da vil vi høyre frå deg! 25. august er det nominasjonsfrist for desse tre prisane og stipenda:

  • Kulturprisen i Dovre 
  • Dovre kommunes idretts- og kulturstipend
  • Ungdommens kultur- og idrettspris

Kulturprisen 2024

Kulturprisen i Dovre blir delt ut annan kvart år av oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet (OKO). Prisen blir gjeve til ein person, ei verksemd eller ein organisasjon som har vore med på å fremje kulturlivet i Dovre og elles gjort seg fortent til prisen gjennom sin kulturelle innsats for bygda.  Prisen er eit diplom i ei utskore ramme og ein sjekk på kr. 5000.

Dovre kommune ynskjer din nominasjon av kandidat til kulturprisen 2024. Du nominerer din kandidat ved å fylle ut dette elektroniske skjemaet.  

Frist for nominasjonar er søndag 25. august 2024. 

Les meir om prisen her

Tidlegare prismottakarar:

  • 1985: Tor Wigenstad
  • 1987: Dovre historielag
  • 1989: Dombås musikkforening
  • 1991: Dovrefjell Disharmoniske Selskab
  • 1993: Rakel Onsum Berg
  • 1995: Magne Bøe
  • 1997: Gunnar Kaas og Knut Bjørseth
  • 1999: Harald Berg
  • 2001: Gunnar Bentdal og Jørgen Berg Domås
  • 2003: Aslaug Vorkinslien
  • 2005: Alf Eriksen
  • 2006: (10-års jubileum for kulturprisen) Prisen gjekk til Snøhetta Cup v/Kjell Hage
  • 2008: Torbjørn Moen
  • 2010: Anita Killi
  • 2012: Asbjørn Moen og Sissel Rykhus
  • 2014: Dovre Bygdekvinnelag
  • 2016: Dovre Spelemannslag
  • 2018: Helle Hundevadt & Steinar Moldal
  • 2020: Johannes Brualøkken
  • 2022: Ragnhild Utgaard Smette

 

Dovre kommunes idretts- og kulturstipend

Dovre kommunes idretts- og kulturstipend er ein pris som skal gje utøvaren moglegheiter for vidareutvikling i sin profesjon. Innan idrett kan stipendet gå til ein lovande utøvar som er etablert på nasjonalt nivå, og som er i ferd med å etablere seg på internasjonalt nivå. Innan kultur kan stipendet bli gjeve til ein person som har utmerka seg gjennom kulturell utfolding eller skapande verksemd, og som er i ferd med å etablere seg på eit profesjonelt nivå. Stipendet er på kr 20 000,- 

For å fremje ein kandidat til kommunens idretts- og kulturstipend, sender du ein epost merka “Nominasjon til idretts- og kulturstipend” til postmottak@dovre.kommune.no

Nominasjonen skal innehalde ei oversikt over kva resultat kandidaten har oppnådd, plan for utvikling og vidare satsning, og utsegner/referansar frå andre. Innsendte forslag blir unnteke offentlegheit (Offl § 13 jfr Fvl §13.1). 

Frist for nominasjon er søndag 25. august 2024. 

Les meir om prisen her

Tidlegare tildelingar:

  • 1995: Ivar Mikal Ulekleiv
  • 2010: Hilde Katrine Engeli
  • 2012: Lise Granden Berg
  • 2015: Johanne Killi og Marcus Kleveland
  • 2018: Sondre Olsen- Bye og Tanya Georgiievska
  • 2022: Per Anders Håvelsrud 

 

Ungdommens kultur- og idrettspris

Dovre har mange unge talent både innan idrett og kultur. Ungdommens idretts- og kulturpris skal gje motivasjon og vera ei påskjønning for ungdom under 20 år. Innan idrett kan prisen bli gjeve til ein lovande idrettsutøvar som har fått gode resultat på regionalt og nasjonalt nivå. Innan kultur kan prisen delast ut til ein person som har utmerka seg gjennom kulturell utfolding eller skapande verksemd, og som har oppnådd gode resultat. Forslag om tildeling av prisen kan fremjast av privatpersonar, organisasjonar og institusjonar, men det er oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet som avgjer kven som skal få prisen. Saman med eit diplom er prisen på kr 1500,- 

For å fremje ein kandidat til kommunens idretts- og kulturstipend, sender du ein epost merka “Nominasjon til ungdommens kultur- og idrettspris” til postmottak@dovre.kommune.no

Innsendte forslag blir unnteke offentlegheit (Offl § 13 jfr Fvl §13.1). 

Frist for nominasjon er søndag 25. august 2024. 

Les meir om prisen her