Viktig melding

Ny samfunnsplan. Høyringsfrist 24. april.

Samfunnsplanen viser korleis vi vil at Dovre skal vera i framtida. No vil vi høyre di meining! 

Les utkastet til samfunnsplan her og send dine innspel på e-post til kommunen innan 24. april. 

 

Kommunen har lyst ut konkurranse for bygging av uteanlegg på Dovre

Kommunen har sidan 2022 jobba med prosjektet Dovre tettstad, med mål om oppgradering av deler av sentrumsområda. Delområder politikarane har prioritert er no ferdig detaljprosjektert og det blir innhenta pristilbod på bygging. 

Kommunen har som mål å oppgradere følgande områder:

  • Fortau og gang-/sykkelveg mellom Jøndalsvegen og skulegarden vest for nedlagte Dovre skule
  • Grøntområdet vest for Båtsto, skulen og samfunnshuset, inkludert oppgradert gang- og sykkelveg
  • Området mellom Samfunnshuset og fylkesveg 2656, inkl betring av tilhøve for mjuke trafikantar og betre handtering av overflatevatn
  • I prosjektet ligg og oppgradering av VA ledningar og kummer (vatn- og avløp)

 

Prosjektet er lagt ut på Doffin.no, som er database for offentleg anskaffelse. Her kan entreprenørar hente ut dokument i saken og gje pristilbod på jobben. Vidare informasjon og konkurransegrunnlaget finn du her:

https://www.doffin.no/notices/2025-104121

Kommunikasjon om konkurransa skal gå føre seg via Doffin/ Mercell og tilbod blir også levert gjennom denne nettsida. 

Frist for å kome med pristilbod er 14.04.2025, kl. 12.00. 

Dovre kommune håper på stor interesse og gode tilbod og har som mål å kome i gang med etablering av dei aktuelle utomhusområda hausten 2025.