Kulturmidlar - søknadsfrist 27. april!

Lag og foreiningar i Dovre kan søke om årleg tilskot gjennom kulturmiddelordninga. Merk at i år er søknadsfristen 27. april 2025.

Canva.com

 

Fyrst: Det har vore lagt opp til å bruke ulike søknadsskjema for denne ordninga dei siste åra. Vi ser at dette er forvirrande. Vi jobbar med å forenkle, men kjem ikkje heilt i mål i år. Nedanfor forklarer vi kva skjema du skal bruke til dei ulike ordningane. Ta kontakt om noko er uklart. 

Om du allereie har sendt inn søknad og brukt eit anna skjema, går det bra. Vi tek kontakt om det er informasjon vi manglar. 

 

Musikk, dans, andre

Retningslinene for tilskot til musikk, dans og andre finn du her. (PDF, 55 kB)

Om du søkjer tilskot i kategorien Musikk, dans, andre, fyller du ut:

  1. søknadsskjema musikk, dans, andre (PDF, 70 kB) 

Du kan fylle inn informasjonen digitalt i skjemaet, men må sende det til oss på postmottak@dovre.kommune.no

Prosjektmidlar

Om du i tillegg vil søke om prosjektmidlar, ber vi om at du bruker det elektroniske skjemaet som ligg i denne søknadsportalen under fanen Kultur, idrett og fritid med tittelen “Kultur- og idrettstilskudd - søknad”. 

Dette søknadsskjemaet blir sendt inn automatisk via søknadsportalen.

Idrett

Retningslinene for tilskot til idrett finn du her. (PDF, 45 kB)

Om du søkjer tilskot i kategorien Idrett, fyller du ut:

  1. søknadsskjema idrett (PDF, 69 kB)
  2. rapportskjema for hovedlag/gruppe (PDF, 46 kB)
  3. aktivitetsrapport for kvar undergruppe av hovudlaget (PDF, 37 kB)

 

Du kan fylle inn informasjonen digitalt i skjemaa, men må sende dei til oss i ein e-post på postmottak@dovre.kommune.no

Søknaden skal ha desse vedlegga:

  1. Vedteke årsmelding for fjoråret (2024).
  2. Revidert rekneskap for fjoråret (2024), underskreve av revisor.
  3. Driftsbudsjett for 2025 med planlagte utgifter og inntekter.
  4. Vedteke aktivitetsplan for 2025.

Kontakt

Anne Marte Amble
Rådgjevar kommunikasjon, kultur og idrett
Telefon 475 15 829
Mobil 475 15 829