"Må lære meg å melke kuer - en feelgoodhistorie fra demensavdelingen"

Humorist, foredragshaldar og forfattar Freddy Kjensmo fortel om pårøranderolla i samband med demenssjukdom på Dovre bibliotek måndag 19. februar kl. 19. Han vil snakke om si bok «Må lære meg å melke kuer – en feelgoodhistorie fra demensavdelingen», og dele sine erfaringar. Boka har fått glitrande kritikkar og er hylla av både fagfolk og pårørande.

«Må lære meg å melke kuer» kom ut i 2023 og er skrive som ein hyllest til ein heilt vanleg gjennomsnittspappa og eit levd liv, samtidig som det er historia om sonen og faren sin veg saman frå sistenemnte fekk dei fyrste symptoma på aldersdemens, og fram til han kom på sjukeheim. Kjensmo bruker lun humor og kreativitet for å handtere rolla som pårørande. Foredraget er beskrive som levande, ærleg og sårt, men framført på ein måte som gjer det godt å høyre på. Han deler sine eigne tips og metodar og fortel om kva som ikkje er lurt når ein har med ein demenssjuk å gjere, kva som fungerer, og at det er lov å le sjølv i ein så alvorleg situasjon.

Arrangert av Lesja og Dovre demensforening, demenskoordinator i Dovre og Dovre bibliotek.