Foto: Nasjonalparkriket
Nasjonalparkriket
Ein plan for framtida
Samfunnsplanenviser korleis vi vil at lokalsamfunnet vårt skal vera i framtida. 10. mars vedtok kommunestyret i Dovre å sende utkastet ut på 6 vekers høyring. Du kan lesa saksprotokollen frå kommunestyremøtet her. (PDF, 187 kB)
Samfunnsplanen finn du her. (PDF, 678 kB) Det er dette dokumentet vi ynskjer høyringsinnspel på.
Fem satsingar
I samfunnsplanen har vi peikt ut fem satsingar for Dovre-samfunnet framover:
- Trygge og levande lokalsamfunn for alle
- Gode tenester – heile livet
- Demokrati, styring og aktiv deltaking
- Næringsutvikling og natur- og kulturbasert verdiskaping
- Klima, natur og miljø for framtida
For kvart satsingsområde har vi sett oss nokre mål. Strategiane viser korleis vi skal nå desse måla.
Ute på høyring i 6 veker
Det følgjer av plan- og bygningslova (PBL) §11-14, fyrste ledd, at forslag til kommuneplanens samfunnsdel og arealdel skal sendast ut på høyring og skal leggast ut til offentleg ettersyn, med ein frist på minst seks veker for innspel eller motsegn.
Mange innbyggarar har allereie gjeve viktige innspel til samfunnsplanen under folkemøta på Dovreskogen, Dovre, Hjerkinn og Dombås tidlegare i år. I folkemøta brukte vi mykje tid på å diskutere korleis vi kan nå måla saman.
No vil vi høyre di meining om samfunnsplanen!
Høyringsfrist 24. april
Send dine innspel på e-post til kommunen på postmottak@dovre.kommune.no innan 24. april. Merk innspelet ditt med “Samfunnsplan”.
I sak nr. 2022/748-8 vedtok kommunestyret 10. mars 2025:
«Forslag til kommuneplanens samfunnsdel 2025 – 2036 blir send på 6 vekers høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, i tråd med i plan- og bygningslovens § 11 -14.»
Folkemøte i heile kommunen
I arbeidet med ny samfunnsplan har mange innbyggarar delt kunnskap og engasjert seg under folkemøta på Dovreskogen, Dovre, Hjerkinn og Dombås.
Vi har samla innspela frå innbyggarane i eitt dokument. Du kan lesa meir om dette her.