Ny samfunnsplan. Samla innspel frå folkemøta. Takk til alle som har delt kunnskap og engasjert seg under folkemøta om ny samfunnsplan på Dovreskogen, Dovre, Hjerkinn og Dombås! Politikarane fekk mange gode innspel. Mange av desse er teke med i samfunnsplanen som kommunestyret i Dovre diskuterte måndag 10. mars og som no er ute på høyring fram til 24. april. Vi har samla innspela frå innbyggarane i eitt dokument. Du kan lesa alle innspela her. (PDF, 328 kB) Arne Furumo Nokre av innspela er for konkrete til å vera med i ein overordna samfunnsplan for heile Dovre. Men det betyr ikkje at innspela blir lagt i ein skuff. Her er det gode idear på ulike område som politikarane og administrasjonen kan ta med vidare i arbeidet med årsbudsjett og økonomiplan. Framleis tid til å spela innFekk du ikkje med deg folkemøta om den nye samfunnsplanen? Eller er det noko du ikkje fekk sagt i møtet? Da kan du skrive til oss innan høyringsfristen 24. april. Her kan du lesa utkastet til samfunnsplan og sjå korleis du sender inn dine innspel.