Rydding av rundballplast m m

Landbrukskontoret varslar om at vi kjem til å gjennomføre årleg plastsynfaring veke 21 og 22. 

Som tidlegare år skal felles landbruksforvaltning også i år gjennomføre såkalla «Plastsynfaring» i Dovre og Lesja. Desse synfaringane tek for seg heile bygda, ikkje enkeltplassar. Vi ser at det fortsatt er ein del utfordringar med rundballplast på avvegar, men meiner og å sjå ei betring. Vi vil nok ein gong oppmode alle som handterer rundballplast til å lagre denne forsvarleg, og levere på miljøstasjon eller til J O Moen.

Elles minner vi om at gamle rundballar som ikkje skal nyttast til dyrefôr, må få fjerna plast og nett, slik at dei kan komposterast.