Stort engasjement på SkogvangMåndag 14. januar var politikarar og folk på Dovreskogen samla på Skogvang grendahus for å diskutere ny samfunnsplan i Dovre. Engasjementet frå dei som var til stades på det opne møtet var stort, og politikarane fekk mange gode innspel til det vidare arbeidet med planen. Vigga var på plass på Skogvang. I denne artikkelen kan du lesa meir om det fyrste opne møtet om ny samfunnsplan i Dovre. Her kan du lesa meir om arbeidet med samfunnsplanenOrdførar Magne Vorkinn var nøgd med engasjementet på Skogvang Vigga/Sunniva Werkland Dei neste møta om samfunnsplanen er: 21. januar kl. 18-20: Dovre samfunnshus 29. januar kl. 18-20: Hageseter turisthytte 4. februar kl. 18-20: Dombås samfunnshus