Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

1 januar 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Vedtak i kommunestyret i prosjektet Dovre tettstad blir utsett til november møtet

I løpet av hausten 2023 og våren 2024 har kommunen fått utarbeidd revidert forprosjekt og detaljprosjekt for prosjektet Dovre tettstad. Kommunestyret skal no ta stilling til kva delområder det skal innhentast pristilbod på, gjennom konkurransegrunnlag for utførelsesentreprise, med mål om oppstart av bygging forsommaren 2025. Saken var oppe i kommunestyremøte den 23.09.2024 og det blei der vedteke å utsette avgjere til kommande kommunestyremøte den 04.11.2024.

Det er i detaljprosjektet lagt vekt på å finne heilheitlege løysingar for tettstaden som tek vare på mål for prosjektet, inkludert trafikksikkerheit, auke i aktivitetsnivået, styrking av næringslivet og auke i estetiske kvalitetar. Det har heile vegen vore mål at Dovre sentrum skal bli attraktivt både for lokalbefolkninga og for tilreisande, og slik styrke trivsel, aktivitetsnivået og det lokale næringslivet.

Det er særleg lagt vekt på universell utforming. Det vil si at sentrumsområdet i størst mogleg grad skal vera tilgjengeleg og funksjonelt for alle brukargrupper. I prosjektet har det vore eit hovudmål å auke trafikksikkerheita i sentrumsområdet. Ein har i stor grad søkt å skilje mjuke trafikantar og bilistar/køyrande. Det er prosjektert logiske og breie fortausløysingar langs Kongsvegen/ fylkesvegen, med god ljossetting, der mjuke trafikantar blir godt synlege i trafikkbildet året rundt. Kryssingspunkt langs fylkesvegen er plassert der det vil vera sannsynleg at folk kryssar vegen og er oversiktlege, godt synlege og markerte. Gang- og sykkelvegar og fortau er planlagt for effektivt vedlikehald heile året.

Detaljprosjektet ivaretek krav til handtering av overflatevatn, slik det m.a. er sett krav om i plan- og bygningslova. Ferdig etablert anlegg vil i stor grad gje sikkerheit mot framtidige materielle skader forårsaka av større nedbørshendingar og rask nedsmelting av snø.

Det er lagt vekt på bruk av vegetasjon og planter som er enkelt å halde ved like og skjøtte og at beplantning skal gje eit godt heilheitleg bilde og inntrykk, samtidig som vegetasjonen skal bidra til fordrøying og sirkulering av overflatevatn. Det er planlagd for bruk av varige og solide materialar i dekker, murer, møblering, mm, og det skal søkast bruk av lokale produkt og kortast mogleg frakt av byggematerialer. Det er lagt til rette for gode og trivelege møteplassar, stader å opphalde seg på eller passere igjennom.

Dei prosjekterande har vore konsulentfirmaet Henning Larsen Arkitekter AS i samarbeid med Rambøll Norge AS.

Bygging av delområder skal etter planen, og etter vedtak fatta i kommunestyret, starte forsommaren 2025. Bygging blir koordinert mot andre prosjekt inkludert prosjekt som omfattar oppgradering av VA nettet, samt prosjekt som gjeld utbygging av planlagd EL ladestasjon ved Dovre senter.

Ved spørsmål knytt til saken, ta gjerne kontakt med prosjektleiar og saksbehandlar i kommunen Kari Bentdal, mobil telefon nr 912 47 518, e-post kari.bentdal@dovre.kommune.no.

Vedlagt er saksframlegg med vedtak i sak til kommunestyret den 23.09.2024, samt foreløpige teikningar knytt til detaljprosjektet.

L001 Delområde A_foreløpig_07.06.2024 (PDF, 438 kB)

L002 Delområde B_foreløpig_07.06.2024 (PDF, 944 kB)

L003 Delområde D&F_foreløpig_07.06.2024 (PDF, 909 kB)

L004 Delområde G_foreløpig_07.06.2024 (PDF, 450 kB)

L005 Delområde I_foreløpig_07.06.2024 (PDF, 597 kB)

Saksprotokoll Prosjektet Dovre tettstad - innhenting av tilbod på utførelsesentreprise (PDF, 528 kB)