Viktig melding

Ny samfunnsplan. Høyringsfrist 24. april.

Samfunnsplanen viser korleis vi vil at Dovre skal vera i framtida. No vil vi høyre di meining! 

Les utkastet til samfunnsplan her og send dine innspel på e-post til kommunen innan 24. april. 

 

Dirigent - Lesja og Dovre kulturskole (Lesjaskog skulemusikk)

Dirigent i Lesjaskog skulemusikk

27% fast stilling  frå 01.08.2025.

Lesja og Dovre kulturskole er ein interkommunal kulturskule med Dovre som vertskommune. Vi tilbyr undervising i kunst og musikk, samstundes som vi samarbeider med fleire lag og foreiningar rundt om i kommunane, blant anna Lesjaskog skulemusikk.

Lesjaskog skulemusikk vart grunnlaga i 1963 og består av eit hovudkorps og ei gruppe aspirantar. Korpset har gjennom alle år vore ein viktig kulturaktør i bygda, og bidreg ofte under arrangement i lokalmiljøet samstundes som at dei arrangerer konsertar og turar sjølve. Undervisinga går føre seg på Lesjaskog skule.

Foto: Nasjonalparkriket - Klikk for stort bildeFoto: Nasjonalparkriket Nasjonalparkriket

Arbeidsoppgåver:

  • Dirigere og ha det musikalske ansvaret for Lesjaskog skulemusikk.
  • Lære opp nye aspirantar i messing-, treblås- og slagverksinstrument.
  • Vere med på styremøte, personalmøte, fagdagar og planleggingsdagar.
  • Ta del på konsertar og førestillingar i korps- og kulturskuleregi.
  • Planlegge godt og tilpasse undervisinga slik at alle kjenner på meistring og musikkglede.
  • Kommunisere og samarbeide med styret i korpset, føresette og kulturskulen kontinuerleg gjennom skuleåret.

Vi vil gjerne ha din søknad viss du

  • Har relevant musikkutdanning og har erfaring innanfor korpsverda.
  • Har gode evner til å kommunisere med både elevar, føresette, korpsstyre og kollegaer.
  • Er inneforstått med korpset og kulturskulen sine verdiar og haldningar.
  • Liker å jobbe med barn, unge og vaksne, og brenn for å skape musikkglede.
  • Har eit hjarte for korps og vil vere med å etablere eit godt miljø med trivsel og musikalsk utvikling.

 

 Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgare kunstfagleg utdanning i utøvande og/eller skapande kunstfag, tilpassa undervisningsoppgåvene for stillinga. Som minimum krevjast 3 års kunstfagleg utdanning. Krav om praktisk pedagogisk utdanning. Alternativt faglærarutdanning med minimum 120 studiepoeng kunstfag.
  • Førarkort klasse B.
  • Godkjent politiattest er eit krav for tilsetjing.

 

Vi legg vekt på personleg eignaheit.

 Vi tilbyr deg eit spennande arbeidsområde, med eit triveleg musikkmiljø, lønn etter avtale/tariff og køyregodtgjering. Elles gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.

 

Har du spørsmål? 

Nærare opplysingar får du ved å kontakte Martine Haugen på tlf. 48 21 67 43 eller e-post: martine.haugen@dovre.kommune.no.

Søknad skal sendast elektronisk via søknadsskjema du finn her

https://www.dovre.kommune.no/om-kommunen/ledige-stillinger/

Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tar med på eit evt. intervju.

 Vi gjer merksam på at namn på søkar kan bli gjort offentleg sjølv om det er bedt om reservasjon mot det, jf offentleglova §25. Søkar vil i så fall bli varsla om dette på førehand.

 

Søknadsfrist: 10/04/2025

 

Dovre kommune er ei fjellbygd med noen av Norges mest spektakulære nasjonalparker innenfor kommunegrensene. Her finner du frisk fjelluft, trivelige folk og store naturopplevelser rett utenfor stuedøra. 
Sjøl om vi ligger høyt til fjells, er vi sentralt plassert. Herfra kan du reise klimasmart med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim og med Raumabanen til Åndalsnes.

Ønsker du et rikt liv i et engasjert og trygt lokalsamfunn, vil vi ta godt i mot deg!