Fyrste vaksine sett i Dovre kommune
Leger og personell på Fredheim
Frida Amundgård, Vigga
I dag tidleg kom helsesyster Ann Kristin Hagevold med vaksiner til Fredheim omsorgssenter for vaksinasjon av pasientane der.
Den fyrste vaksinen var sett ved ti-tida og den var det Liv Marstein som fekk av sjukepleiar Anne Jorunn Mjellekås.
Vaksineringen har vore planlagt og alt har gått greitt. Fredheim er veldig glade for å vera i gang. Nå er 17 pasientar vaksinert og dei andre pasientane vil bli fortløpande vaksinert, så fort fleire vaksiner kjem. Dei som fekk vaksinen i dag blir re-vaksinert om 3 veker.