Meistring og fellesskap. Film om demensarbeidet i Dovre. Korleis kan vi bruke teknologien til å skape trivelege og stimulerande aktivitetar for brukarane våre? Fredheim og dagsenteret for heimebuande med demens er stolte mottakarar av Linda Buettners praksispris for 2024. Sjå den fine filmen om arbeidet her!Saman i spel og samtaleDovre kommune får prisen for sitt arbeid med å samle brukarane til triveleg og artig leik rundt digitale spelbord. I filmen ser du korleis desse borda blir brukt til å engasjere brukarane til felles spelaktivitetar og gode, lystige samtaler. Med skjermane Tovertafel og Yetitablet kan dei tilsette på Fredheim invitere bebuarane til å spela ei rekke spel som gjev både motorisk og kognitiv stimulering. Skjermane er flyttbare og enkle å bruke, både for brukarane, pårørande og tilsette. Gode generasjonsmøteOg ungdomen i Dovre bidreg! I valfaget "Innsats for andre" har elevane frå ungdomsskulen engasjert dei eldre til muntre og enkle aktivitetar, mellom anna ved å bruke skjermane. Slik legg teknologien til rette for gode møte mellom generasjonane. Ungdom som har vore med på dette valfaget har òg blitt rekrutterte til deltidsstillingar på Fredheim. Yetitablet er kjøpt inn av kommunen. Tovertafel vart sponsa av Sparebank1 Lom og Skjåk i samarbeid med Lesja og Dovre Demensforening. Linda Buettners praksispris blir delt ut av SESAM/Helse Stavanger, og går til gode tiltak for personar med demens. Det har blitt henta inn samtykke frå alle aktørar i filmen, som er produsert av Sanden media for Helse Stavanger.