Utlysing: Støtte til arrangement i Dovre i 2025Har du ein idé til eit arrangement som vil skape aktivitet og utvikling i Dovre i 2025? Dovre kommune lyser ut 150.000 årleg, fordelt på to utlysingar. Om du og ideen din oppfyller retningslinene nedanfor, vil vi gjerne få søknaden din! Søknaden sender du til postmottak@dovre.kommune.no innan 10. mars 2025. Canva.com Retningsliner for arrangementsstøtteAktiviteten skal ha privat eller frivillig eigarskap.Aktiviteten skal som hovudregel skje i søknadsåret.Aktiviteten må skje i Dovre.Aktiviteten skal gje positive økonomiske ringverknader for næringslivet og/eller frivillig sektor i Dovre.Årvisse aktivitetar med underskot over fleire år må syne til nødvendig omstilling/utvikling for å bli prioritert.Arrangøren skal legge fram eit budsjett med minimum 50 % eigeninnsats i form av billettinntekter, salsinntekter, eigenkapital og/eller arbeidsinnsats.Aktiviteten skal vera eigd av ein registrert organisasjon (registrert i foretaksregister eller frivilligheitsregister). Som hovudregel skal forretningsadresse vera i Dovre.Kostnader til fysiske investeringar kan ikkje vera ein del av søknadsgrunnlaget.Aktiviteten bør ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensial.Aktivitetar som fremmer samarbeid mellom fleire bedrifter/lag/foreiningar blir prioritert.Arrangøren skal annonsere aktiviteten i Dovre kommune sin aktivitetskalender, Friskus (dovre.friskus.com).Støtta blir utbetalt etter at aktiviteten er gjennomført og administrasjonen har motteke rapport.Halvårlege utlysingarVi lyser ut midlane ut to gongar kvart år – i februar og august. Den årlege totalen er på 150 000 kr. I vårhalvåret har arrangementsstøtta søknadsfrist i løpet av fyrste halvdel av mars. I hausthalvåret i løpet av fyrste halvdel av august. Alle søknadar blir vurdert i ein, felles saksbehandlingsrunde på våren og ein runde på hausten. Administrasjonen legg fram innstilling til behandling i Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet (OKO).Regionale tilskotAlle som søker om kommunal støtte til arrangement, skal som hovudregel ha søkt den regionale ordninga hjå Interkommunalt politisk råd med støtte til kultur- og naturbaserte arrangement (søknadsfrist 1. februar). Søkjarar som ikkje får støtte regionalt, blir oppfordra til å søke den kommunale utlysinga. Søkjarar som får støtte frå den regionale utlysinga, blir ikkje prioriterte i den kommunale utlysinga. Unntak er arrangement som blir vurdert å ha spesielt positive ringverknader for lokalsamfunnet.UtbetalingVi betaler ut midlane når aktiviteten er gjennomført og vi har fått ein rapport.Send oss din søknad til postmottak@dovre.kommune.no innan 10. mars 2025. Retningsliner og tildelingskriterium vart vedteke av Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet (OKO) 3. februar 2025. Retningsliner for arrangementsstøtte.pdf (PDF, 64 kB) Ordninga skal evaluerast på fyrste OKO-møte i 2026.