Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

1 januar 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Vi lagar ny samfunnsplan for heile Dovre

Arbeidet med å lage ein ny samfunnsplan for Dovre fram mot 2035 er godt i gang. Her kan du lesa om kva som er gjort så langt, og korleis du kan delta!

Foto: Nasjonalparkriket - Klikk for stort bildeFoto: Nasjonalparkriket Nasjonalparkriket

Alle kommunar skal ha ein kommuneplan med ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsplanen skal trekke opp dei lange linjene med mål og strategiar for korleis vi vil at lokalsamfunnet vårt skal vera i framtida.

Med andre ord: Kva skal vi satse på? Kva mål har vi for Dovre-samfunnet? Korleis skal vi nå desse måla? 

Den gjeldande samfunnsplanen vart vedteke i 2012. No er arbeidet i gang med ein plan for perioden fram til 2035. Her kan du bidra! 

 

Kommunestyret i Dovre har vedteke at vi skal ha ein samfunnsplan som:

  • Gjev politisk retning til utviklinga av Dovre-samfunnet.
  • Legg føringar for økonomisk planlegging, arealbruk og anna planarbeid i Dovre.
  • Blir oppdatert av det nye kommunestyret etter kvart kommuneval.
  • Blir til i samarbeid med innbyggarane i Dovre.
  • Bidreg til ei berekraftig samfunnsutvikling i Dovre i tråd med FN sine berekraftsmål.

 

Her finn du vedtaket i kommunestyret 18. mars 2024. (PDF, 429 kB)  

 

Arbeidsverkstader i kommunestyret våren 2024

Politikarar som jobbar saman rundt eit bord  - Klikk for stort bildeFrå arbeidsverkstad med kommunestyret våren 2024 Arne Furumo

Mykje har skjedd sidan sist samfunnsplan vart vedteke i 2012. Denne gongen gjer vi dette arbeidet på ein ny måte, der kommunestyret spelar ei sentral rolle. Arbeidet vart sparka i gang med to arbeidsverkstader med kommunestyret i februar og mars 2024. 

Her fekk politikarane jobbe i grupper med dei lange linene for Dovre. I desse to arbeidsverkstadene la kommunestyret grunnlaget for det vidare arbeidet. Politikarane fekk utfordringa: “Om du let att auga og skal skildre Dovre-samfunnet i 2050, korleis vil du det skal sjå ut?” 

Dei vart òg utfordra til å seie kva dei er mest opptekne av. Kvifor engasjerer dei seg i politisk arbeid for Dovre, kva brenn dei for og i kva retning vil dei at lokalsamfunnet vårt skal utvikle seg? 

 

Ein politisk redaksjonskomité

I kommunestyremøtet 18. mars 2024 vart det så sett ned ei mindre skrivegruppe, ein såkalla politisk redaksjonskomité. 

Gruppa tok med seg alle ideane frå arbeidsverkstadene, og har i løpet av 2024 arbeidd fram forslag til satsingsområde og strategiar for korleis vi skal utvikle Dovre. 

 

Den politiske redaksjonskomiteen saman med ungar frå Dovre barnehage - Klikk for stort bildeDen tverrpolitiske redaksjonskomitéen har jobba godt saman i 2024 Astrid Kvam Helset, Vigga

Gruppa er tverrpolitisk og har desse medlemmane:

  • Ordførar Magne Vorkinn (Sp), leiar
  • Ida Amble Ruge (Ap), nestleiar
  • Arnfinn Ruset (Sp)
  • Anita Frich (Dovrelista)
  • Fred Arne Hessen (H)

Kommunen sin samfunnsutviklar Arne Furumo er sekretær for arbeidet.

Du kan lesa meir om redaksjonskomitéen sitt arbeid i denne Vigga-saka 

 

Redaksjonskomitéen foreslår desse satsingsområda:

  1. Trygge og levande lokalsamfunn for alle
  2. Gode tenester – heile livet
  3. Næringsutvikling og natur- og kulturbasert verdiskaping
  4. Klima, natur og miljø for framtida
  5. Demokrati, styring og aktiv deltaking

 

Innspel frå innbyggarane

Folk som jobbar saman rundt eit bord  - Klikk for stort bildeNo kan du koma på folkemøte med politikarane for å gje dine innspel til mål og satsingar for Dovre Arne Furumo

Under kvart av desse satsingsområda har politikarane jobba fram ei rekke meir konkrete mål og strategiar. No vil dei ut og diskutere dei foreslåtte satsingane med innbyggarane i Dovre. 

Her har du sjansen til å fortelja politikarane kva du meiner er viktig for utviklinga for heile Dovre fram mot 2035. Kom på eitt av dei fire folkemøta rundt om i kommunen i januar og februar 2025!

Folkemøte i januar og februar

13. januar kl. 18-20: Skogvang grendahus

21. januar kl. 18-20: Dovre samfunnshus

29. januar kl. 18-20: Hageseter turisthytte

4. februar kl. 18-20: Dombås samfunnshus

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lurar du på noko? Kontakt samfunnsutviklar Arne Furumo.

Kontakt

Arne Furumo
Rådgiver
Mobil 901 81 442