Dovre tettstad - Invitasjon til arbeidsmøte med Planbussen ved NTNU

Arkitektstudentar ved NTNU og masteremnet Planbussen kjem til Dovre 21.-22.mars. Planbussen og Dovre kommune ynskjer i dette høvet å inviterer til arbeidsmøte mellom studentane og aktørar og innbyggarar i Dovre. Du/dykk er derfor velkomne til Toftemo turiststasjon, kaféen, tysdag 21.mars, kl. 19.00 - ca. 21.00.

Dovre kommune og NTNU har i samband med prosjektet Dovre tettstad, inngått ei forpliktande avtale omkring masteremnet "Planbussen" ved Institutt for arkitektur og planlegging. Studentane står fritt i høve til val av oppgåver, med dei er oppmoda om å arbeide med problemstillingar definert i tettstadsprosjektet. Kommunen forventer at oppgåvene vil gje ny innsikt og nye idear knytt til Dovre tettstad.  

Agenda for arbeidsverkstaden:

  • Det blir ynskt velkommen
  • Presentasjon av Planbussen og studentane
  • Presentasjon av oppgåver Planbussen jobber med
  • Innspel frå salen og arbeidsverkstad

Mykje av arbeidsverkstaden kjem til å gå føre seg på engelsk, sidan Planbussen er ei internasjonal gruppe. Kursleiar og kommuneplanleggar kan oversette/tolke, om nokon ynskjer å bruke norsk.

Vi beklagar at invitasjonen kjem noko seint, men håper at mange har lyst og høve til å stille på møtet, og slik bidra inn i arbeidet med utvikling av Dovre tettstad!

Velkommen!

Kontakt

Kari Bentdal
Kommuneplanlegger
Mobil 912 47 518