Frå 1. januar 2025 går NGR over til digital hentekalender gjennom den praktiske appen “Min renovasjon”. Om du ikkje har lasta den ned enno, finn du oppskrift på korleis å gjera det her. Da kan du be om å få ei nyttig påminning på SMS dagen før avfallet blir henta.
Hentekalender i papir
Om du ynskjer å ha ein hentekalender i papir på veggen for januar og februar, har vi fått bildet nedanfor frå NGR.
Dette kan du skrive ut ved å klikke her. (PDF, 471 kB)
Gratis utskrift på Båtsto og biblioteket
Om du eller nokon du kjenner ikkje har tilgang til skrivar, kan du hente ei gratis utskrift i resepsjonen på kommunehuset Båtsto eller på Dovre bibliotek på Dombås.