Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

1 januar 2025 starta NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap si flotte, nye heimeside for å finne svar på når avfallet blir henta hjå deg: ngr.no  

Du kan òg kontakte NGR på telefon: 99 10 20 00 eller e-post: post@ngr.no

500 000 kr til eit krafttak for ungdomen i Dovre

Dovre kommune har fått 500.000 kr frå Innlandet fylkeskommune til å skape ein møtestad for barn og ungdom, pilotere nyskapande aktivitetstransport og tilsetja ein prosjektleiar for ungdomssatsinga.

Canva.com

I sitt høyringsinnspel om vidaregåande skulestruktur tidlegare i haust sa eit samla kommunestyre at det var behov for eit krafttak for ungdomen i Dovre. Når den vidaregåande skulen på Dombås no er lagt ned, er det viktigare enn nokon gong å gje ungdomen i Dovre ei positiv fritid, auka livskvalitet og djupare røter. Kommunestyret sette av midlar til ei slik ungdomssatsing i økonomiplanen for 2025. 

Kommuneadministrasjonen følgde opp dette signalet frå politikarane og søkte om 500.000 kr frå Innlandet fylkeskommune si utlysing “Lokal samfunnsutvikling i distriktskommunar”. Vi er nøgde med å ha fått full pott! Du kan lesa meir i denne saka i Vigga

Søknaden skisserer ei ungdomssatsing som kjem i tillegg til alt det gode arbeidet som allereie blir lagt ned av lag og foreiningar i Dovre for å gje ungdomen vår ei rik og aktiv fritid. Her er det teke utgangspunkt i attendemeldingane frå unge i Dovre dei siste åra, der mange m.a. har ytra ynskje om ein eigen møteplass og eit betre transporttilbod. 

I tida framover blir det viktig å forme denne satsinga i lag med ungdomen. Følg med vidare!

Kontakt

Anne Marte Amble
Rådgjevar kommunikasjon, kultur og idrett
Telefon 475 15 829
Mobil 475 15 829