Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

1 januar 2025 starta NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap si flotte, nye heimeside for å finne svar på når avfallet blir henta hjå deg: ngr.no  

Du kan òg kontakte NGR på telefon: 99 10 20 00 eller e-post: post@ngr.no

Ungdomen bidreg til samfunnsplanen

I arbeidet med den nye samfunnsplanen er det viktig å få inn ungdomen si stemme. 18. februar møtte elevrådet på Dovre ungdomsskule to av politikarane i redaksjonskomiteen til ein arbeidsverkstad der ungdomen sine ynskje stod i sentrum. 

Ungdomar og vaksne rundt eit bord - Klikk for stort bildeElevrådet på ungdomsskulen møtte politikarane Dovre kommune

Ny start for eit ungdomsråd

Alle kommunar i Noreg skal ha eit ungdomsråd som skal bli høyrd i saker som er relevante for ungdomen, og som sjølv skal kunne løfte saker opp til politikarane. I Dovre har aktiviteten i ungdomsrådet gått ned dei siste par åra, men no er det ny giv. Elevrådet på ungdomsskulen har sagt seg villege til å vera utgangspunktet for eit nytt ungdomsråd. Noko formalisering står att, men allereie 18. februar hadde gruppa sitt fyrste møte. 

Unge stemmer inn i samfunnsplanen

Da sette ungdomane seg ned med ordførar Magne Vorkinn (Sp) og Ida Amble Ruge (Ap), som er leiar og nestleiar for den politiske redaksjonskomitéen som arbeider fram forslag til ny samfunnsplan for Dovre. Ordføraren, som var attende på gamle trakter på ungdomsskulen, fortalde ungdomane om arbeidet med samfunnsplanen som skal peike retning for lokalsamfunnet og politikarane sine prioriteringar dei neste åra. 

– Eg er glad for at vi no etter kvart skal få på plass eit engasjert ungdomsråd, sa ordførar Magne Vorkinn. De er viktige i det vidare arbeidet vårt med samfunnsplanen. Dykkar stemme skal bli høyrd når vi no legg ein plan for korleis vi skal utvikle dovresamfunnet dei neste 5-10 åra.

Saman med Ida Amble Ruge understreka han at vegen skal vera stutt for ungdomar som vil spela inn sine ynskje og forslag til kommunepolitikarane. I eit ungdomsråd får dei enda tettare samarbeid med kommunepolitikarane, og kan samarbeide om å løfte saker som handlar om dei. 

Fritidsaktivitetar, transport og ein stad å møtast

I møtet la elevrådet fram innspel dei ulike klassene hadde arbeidd fram til den nye samfunnsplanen. Medan mange understreka at det er godt å bu i Dovre og la vekt på nærheit til kvarandre og til naturen som viktige kvalitetar, kom det òg ærlege innspel til kva som trengst for å gjera ungdomsåra meir innhaldsrike. Rundt bordet kom det mange forslag til politikarane om fritidstilbod, betre transportløysingar og ein møtestad som er ungdomen sin eigen. 

Vorkinn og Ruge noterte ivrig og understreka at det er stor politisk vilje til å satse på ungdomen. Kommunestyret har sett av 1 million kroner på årets budsjett for ei ungdomssatsing og ein møtestad. No er òg kommunen i gang med å rekruttere ein eigen ungdomskontakt som kan vera eit bindeledd mellom ungdomen, politikarane og administrasjonen og drive satsinga framover. 

Kontakt

Arne Furumo
Rådgiver
Mobil 901 81 442
Anne Marte Amble
Rådgjevar kommunikasjon, kultur og idrett
Telefon 475 15 829
Mobil 475 15 829