Viktig melding

Ny samfunnsplan. Høyringsfrist 24. april.

Samfunnsplanen viser korleis vi vil at Dovre skal vera i framtida. No vil vi høyre di meining! 

Les utkastet til samfunnsplan her og send dine innspel på e-post til kommunen innan 24. april. 

 

Etterlysing: Ski, stavar og skisko

Dovre barneskole får fleire nye elevar som ikkje har gått mykje på ski og som manglar skiutstyr - og det rett før vinteraktivitetsdagane våre!

Vi er heilt sikre på at det står mange ski, stavar og skisko i bodar, kjellarar og garasjar rundt omkring i Dovre, og håper alle kan gripe moglegheiten til å sjekke heime hjå seg sjølv. Vi har mangel på utstyr frå 1. klasse til 7. klasse, og set stor pris på om nokon har noko å donere til oss.

Vi tek godt vare på utstyret, og brukar det som ekstra utstyr kvar vinter.

Utstyret må vera i god i stand og ikkje vera heilt utbrukt.

 

Utstyr kan leverast i opningstida til skolen, eller kontakt oss på 612 42 270 / dovre.barneskole@dovre.kommune.no