Støtte til trygg skuleveg! Dovre kommune har fått til saman 825 000 kr frå Innlandet fylkeskommune til sikring av skuleveg. Canva.com Trafikksikkerheitsutvalet i Innlandet har innvilga støtte til to prosjekt i Dovre: Etablering av gang- og sykkelveg framfor Dombås kyrkje og inn mot Minneparken. Dette ligg i eksisterande reguleringsplan og skal gjera skulevegen tryggare gjennom Dombås sentrum. Oppgradering av trafikkområdet rundt Dovre barneskule. Her er planen å etablere ei betre løysing både for gåande elevar og elevar som kjem med skulebussen. Dette vil vi sørge for ved å lage eit “torg” framfor skulen og etablere ei ny rundkøyring. Tiltaka vil òg betre trafikksituasjonen inn mot Dombås barnehage. Vegen vidareNo som vi har fått midlar vil vi gå vidare for å sikre god politisk forankring og involvering av relevante aktørar. Oppgraderingane vil òg krevja noko eigenkapital frå kommunen. Dette vil bli lagt fram til politisk behandling i løpet av våren.